Hornborgasjön

naturreservat i Västra Götaland, Sverige

Koordinatar: 58°20′16.058″N 13°34′32.405″E

Hornborgasjön er ein innsjø i Västergötland i Sverige, ca. 15 km søraust for Skara. Frå å ha dekt eit areal på 28 km² vart han gjennom fem ulike senkingar i perioden 1933–35 til mindre enn 4 km². Føremålet var å skaffe dyrkbar mark, men på grunn av dei kraftige vårflaumane vart ikkje åkerlandet brukbart. Ein byrja ei restaurering av innsjøen i 1992, og ved ferdigstillinga i 1995 var vassflata heva nesten 1 meter, etter at ein hadde bygt ein dam ved utløpet og fylt att gamle kanalar.

Traner ved Hornborgasjön.

Om våren pleier tranene å raste ved Hornborgasjön før de flyr vidare til hekkeplassane. Iblant kan det vere over 10 000 traner der samstundes, noko som gjer staden populært for fuglekikkarar.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra