Horse Head
Horse Head er eit kupert nes med høge klipper kring 500 meter nord for munningen av Penguin River i Cumberland East Bay på Sør-Georgia. Profilen av klippa er sagt å likne eit hestehovud (horse head på engelsk). Det vart først kartlagd av Den svenske antarktisekspedisjonen, 1901–04, under Otto Nordenskjöld. Namnet Horse Head, tilrådd av UK Antarctic Place-Names Committee i 1954, er den engelske forma av «Hestes Hode», som vart nytta av sel- og kvalfangarar i området.[1]
Horse Head | |||
nes | |||
Land | Storbritannia | ||
---|---|---|---|
Stad | Sør-Georgia | ||
- koordinatar | 54°17′S 36°30′W / 54.283°S 36.500°W | ||
Horse Head 54°17′00″S 36°30′00″W / 54.2833°S 36.5°W | |||
Kjelder
endre- ↑ «Horse Head». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 19. oktober 2012.
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Horse Head» (innhald frå Geographic Names Information System).