Hostýnsko-vsetínská hornatina

Hostýnsko-vsetínská hornatina er ei relativt låg og flat fjellkjede i Tsjekkia.

Hostýnsko-vsetínská hornatina
fjellkjede
Vsetínské vrchy med Klenovmassivet til høgre og Bystřičkademningen til venstre
Land  Tsjekkia
Fjellkjede Karpatane
Høgd 1 024 moh.
Kart
Hostýnsko-vsetínská hornatina
49°24′14″N 18°21′40″E / 49.40388889°N 18.36111111°E / 49.40388889; 18.36111111
Wikimedia Commons: Hostýnsko-vsetínská hornatina

Fjella er dekte av granskog. Det mest vitja området er dalen Rožnovská Bečva, som ligg like nord for fjellkjeda med landsbyane Valašské Meziříčí og Rožnov pod Radhoštěm, og dalen Vsetínská Bečva i sør med landsbyen Vsetín.

Hostýnsko-vsetínská hornatina er ein del av Vest-Karpatane, og er delt i to av elva Bečva. Dei to områda er den lågare austlege delen Hostýnské vrchy og den høgare vestlege delen Vsetínské vrchy, som er ein del av det verna naturområdet Beskydy. Fjella består stort sett av flysj, og dette gjer fjellsidene forholdsvis ustabile slik at jordras ikkje er uvanleg i området. Det høgaste punktet i fjellkjeda er Vysoká på 1  024 meter, og ligg i den austlegaste delen av fjellkjeda.

Kjelder endre