Hubertus av Hohenzollern
Hubertus Gustav Adolf Veit Georg Meinrad Maria Alexander (fødd 10. juni 1966 i München) er prins av Hohenzollern og sonen til prins Johann Georg av Hohenzollern og prinsesse Birgitta av Sverige og Hohenzollern.[1] Han er nummer elleve i arvefylgja til den rumenske trona.
Hubertus | |||
Fødd | Hubertus Gustav Adolf Veit Georg Meinrad Maria Alexander von Hohenzollern-Sigmaringen 10. juni 1966 München i Vest-Tyskland (no Tyskland) | ||
---|---|---|---|
Tittel | Prins av Hohenzollern | ||
Alle titlar | Prins av Hohenzollern | ||
Fullt namn | Hubertus Gustav Adolf Veit Georg Meinrad Maria Alexander | ||
Hus eller slekt | Hohenzollern-Sigmaringen | ||
Land | Tyskland | ||
Mor | Birgitta av Sverige og Hohenzollern | ||
Far | Johann Georg av Hohenzollern | ||
Ektefelle | Uta Maria König | ||
Barn | Lennart av Hohenzollern, Princess Vivian of Hohenzollern |
10. juli 2000 gifta han seg borgarleg med Uta Maria König i Grünwald i Tyskland, medan eit kyrkjeleg bryllaup fann stad 23. september på Mallorca i Spania. 10. januar året etter fekk dei sonen prins Lennart av Hohenzollern, som døydde berre fire dagar gamal. I mai 2009 fekk dei dottara prinsesse Vivianne av Hohenzollern.
Titlar og tiltaleformer
endrePrins Hubertus av Hohenzollern | |
Tiltale | Høgvelbore prins |
Omtale | Den høgvelborne prinsen |
- 10. juni 1966–idag: Den høgvelborne prins Hubertus Gustav Adolf Veit Georg Meinrad Maria Alexander av Hohenzollern
Fotnotar
endre- ↑ «Hohenzollern». Paul Theroff's Royal Genealogy Site. Henta 21. juni 2015.