Huldreslått
Huldreslåttar er nemninga på slåttar som gjerne går på svært særeigne felestille, og dei har ord på seg for å vera svært gamle. I mange høve er det segner fest til slåttane, som fortel at dei er lært av huldrefolket eller dei underjordiske. Oftast har spelemennene høyrt slåttane når dei har vore einsame på fjellet, og så teke slåttane med seg til bygda att. Dei aller fleste huldreslåttane er gangarar, men det finst og nokre springarar mellom dei. Kivlemøyslåttane lyt reknast til huldreslåttane, både på grunn av alderen og felestillet. Slåttar som Fanitullen kan og reknast saman med desse, men i dette høvet er opphavet til slåtten djevelen, ikkje huldrefolket.
Mange av slåttane er reine lydarslåttar, som til dømes Grihamaren frå Vang i Valdres.