Human-Etiska Föreningen

Human-Etiska Föreningen (HEF) er eine av to svenske humanist-organisasjonane, og er tilslutta International Humanist & Ethical Union (IHEU). HEF gjev ut Botulf-bladet, normalt fire nummer per år.

Human-Etiska Föreningen sin variant av Happy Human, fellessymbolet for sekulære humanistar.

Foreininga blei danna som eit lokallag i Västerås i 1990 (med forkortinga HEF-V) og slutta seg til det landsomfattande Human-Etiska Förbundet (dåvarande HEF). Dette forbundet endra namn til Humanisterna i 1999. Ved årsmøtet i 2000 gjekk HEF-V inn for å gå ut av forbundet. Ved årsmøtet i 2004 tok dei avgjerda om å bli ein riksorganisasjon, og endra namn til Human-Etiska Föreningen, utan tillegget «Västerås». Dei kontakta Humanisterna for å høyra om dei hadde nokre innvendingar, noko dei ikkje hadde. Dei to laga har sterke band, og fleire felles medlemmer.

Svenske HEF er den minste human-etiske riksorganisasjonen i Norden. Norske Human-Etisk Forbund, med same forkortinga, den største.

BakgrunnsstoffEndra