Hundålvatnet er ein regulert innsjø som ligg i Vefsn kommune i Nordland. Vatnet som naturleg renn nordover til Hundåla, vert no leidd vestover til Grytåga kraftverk.

Hundålvatnet
innsjø
Hundålvatnet lake.jpg
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Nordland
Kommune Vefsn
Høgd over havet 200 moh
Areal 7,96 km²
Kystlengd1 28,50 km
Koordinatar 65°48′54″N 12°56′20″EKoordinatar: 65°48′54″N 12°56′20″E
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen.

Namnet er ikkje sikkert forklart. Det kan ha samanheng med ordet hunn eller hund, som i urnordisk må ha hatt ei tyding som har med jakt å gjere (jf. engelsk 'hunt'), og ordet ål, som i følgje Ivar Aasen i stadnamn synest tyde 'dal' eller 'vassdrag'. Ei anna forklaring kan vere at namnet Hundåla først vart gjeve til garden, avleia av eit elvenamn *Hunn som tyder fiskeelv og ål, om djupåla i fjorden der elva renn ut.[1]

Sørvasselva med eit nedbørsareal på 77 km² renn ut i Hundålvatnet.

KjelderEndra

  1. Reidar Svare 1964: Gamle stadnamn i Vefsn
  Denne geografiartikkelen som har med Nordland å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.