Opna hovudmenyen
Utsikt over Huskvarna frå Månberget med Jönköping i bakgrunden
Huskvarna omkring år 1700, frå Suecia antiqua eit hodierna

Huskvarna er ein tidlegare sjølvstendig svensk by som ligg ved søraustlege breidda av innsjøen Vättern i Småland. Huskvarna inngår i byområdet Jönköping og er ein «kommunedel» i Jönköpings kommune i Jönköpings län.

Huskvarna høyrte tidlegare til Hakarps kommune, blei köping i 1907 og fekk byprivilegium (kjøpstadsprivilegium) i 1911. Samanslåing med Jönköping by blei gjennomført som ein del av kommunalreforma i 1971.

I 2004 var innbyggjartalet i kommunedelen Huskvarna 21 243. Omliggande kommunedelar er Skärstad, Lekeryd, Tenhult og Jönköping Öster.

Huskvarna kyrkje blei innvigd i 1910 og var teikna av bygningsingeniør Birger Damstedt frå Husqvarna AB (det dåverande Husqvarna Vapenfabriks AB). Det ytre av kyrkja minnar om ei norsk stavkyrkje.

Huskvarnas lågtliggande sentrum er omgjeve av utbygde høgdedrag som Öxnehaga, Pettersberg og Egna Hem. Nivåskilnaden er på opp til 120 meter.

Ein stor det av dei lågtliggande område mot Vättern låg unytta inntil byrjinga av 1900-talet. Gata Kungsgatan blei lenge kalla «Sista gatan».

Huskvarna er kjend for dei vene hagane sine og for industrielle tradisjonar. Fabrikken Husqvarna AB byrja produksjonen i 1684, og har sidan vore ei suksessrik verksemd. I dag produserer han bl.a. motorsager, plenklipparar og symaskinar, medan den tidlegare hadde våpenproduksjon. Andre viktige industriar i byen er Saab Training Systems og Carlfors Bruk.

Huskvarna oppstod omkring fabrikken Husqvarna, som blei bygd ved foten av den store fossen som Huskvarnaån har danna. Namnet Huskvarna blei tidlegare skrive «husakvarn» og stammer frå mellomalderhuset Rumlaborg og ei kvern ved fossen.

Fossen har byrjinga si ved bakkane i Stensholm og sluttar ved Kvarnbron, nedanfor den såkalla Stampabacken. Frå brua kan ein vandre til Turistbron, Ebbes bruk-området eller speidarhytta Örjansgården.

Kjende folk frå HuskvarnaEndra

KjelderEndra