Idrettsklubben Junkeren
(Omdirigert frå IK Junkeren)
Idrettsklubben Junkeren er eit idrettslag heimehøyrande i bydelen Rønvika i Bodø kommune. IK Junkeren vart skipa i 1958 og er aktivt med i fotball og handball. Laga til Junkeren spelar i kvite drakter med blå bukser.
Fotballaget til Junkeren spelte i 2019 på nivå 4 i seriesystemet. I 1980-åra gjesta laget 3. divisjon.
Junkeren sitt handballag for kvinner deltok i 1996/97-sesongen i eliteserien. Landslagsspelarar som Tonje Sagstuen og Mimi Kopperud var ikkje tilstekkeleg til at laget makta unngå nedrykk. Per 2020 spela handballkvinnene på nivå tre i seriesystemet.
Laget har namn etter Junkerfjellet, åsen aust om Rønvika og Bodø by.