IPv6 er versjon 6 av IP og er etterfølgjaren til IPv4. Den viktigaste grunnen for å utvikle ein ny standard var å handtere mangelen på IP-adresser. Samtidig er fleire svakheiter ved IPv4 forbedra. Dei viktigaste forbedringane i IPv6 samanlikna med IPv4 er:

  • Større tal adresser
  • Forenkling av IP-hovudet
  • Auka støtte for utvidingar og valfrie felt
  • Moglegheiter for å merke ein pakkeflyt, Flow labeling
  • Utvidingar for autentisering, dataintegritet og datakonfidensialitet.

Sjølv om IPv6 vart lansert av IETF for over 10 år sidan (1994) er protokollen framleis lite brukt samanlikna med IPv4.