I manns minne. Daglegliv ved hundreårsskiftet er ein bokserie frå Det Norske Samlaget som kom ut frå 1967 til 1975. Bøkene består av svar frå ei skrivetevling som Nasjonalforeningen for folkehelsen lyste ut i 1964, der dei bad folk som var fødde før 1900, skriva opp livsminna sine. Det kom inn 1500 svar frå heile landet. Det første bandet i serien inneheldt svara til vinnarane, i band to kom utdrag av svar frå folk frå forskjellige miljø, og i dei tolv siste banda kom utdrag av svar grupperte etter fylke. Bøkene er rike kjelder til norsk kulturhistorie.

Alle svara er arkiverte hjå Norsk Folkeminnesamling. Ein del er og tilgjengeleg digitalt frå nettsida deira.

Bokliste

endre

Bakgrunnsstoff

endre