Ibidem

(Omdirigert frå Ibid)

ibid. er ei forkorting for det latinske ordet ibīdem, «på same stad»). Omgrepet blir brukt i referansar, fot- eller sluttnotar for å vise at informasjon i teksten er henta frå det førre verket det er referert til. Om ein vil vise til ei referert kjelde eller eit sitat i teksten, bruker ein ordet (ibid. + sidetal).[1]

I juridiske tekstar nytter ein ofte ordet «idem», 'noko som er nemnt tidlegare'; 'det samme', forkorta «Id.». I 1600-talskjelder er ordet ofte forkorta «ibm.», som viser til «same stad».

For å finne Ibid.-kjelda, må ein sjå på den siste referansen før ibid.

I oppgåveskriving vil det ofte vere betre å gjenta referansen enn å bruke ibid.[2]

Referansar endre

  1. Halvorsen, Knut (2008): Å forske på samfunnet, Cappelen side 227 ISBN 978 82 02 28194 6
  2. ibid