Ida Marie Hagen
Ida Marie Hagen (fødd 18. august 2000) er ein norsk kombinertløpar og skihoppar som representerer Haslum IL. Ho debuterte i verdscupen i kombinert 3. desember 2021.
Ida Marie Hagen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 18. august 2000 (24 år) |
Idrett | kombinert, skihopping |
Klubbar | Haslum IL |
Medaljeoversikt | ||
---|---|---|
Tevla for Noreg | ||
i kombinert: | ||
Verdsmeisterskap | ||
Gull | 2023 Planica | Mikslagkonkurranse |
Hagen har fleire andreplassar i verdscupen: Dei to fyrste kom 11. og 12. desember 2021, i Otepää, den neste 3. desember 2022 på Lillehammer. Hagen vart nummer to samanlagt i verdscupen i kombinert 2021/22, bak Gyda Westvold Hansen.[1]
I VM 2023 i Planica kom Hagen på fjerdeplass i normalbakke/5 km, og ho deltok på det norske laget som tok gull på blanda lagkonkurranse.
Ida Marie Hagen er storesystera til Mille Marie Hagen, som også er kombinertløpar.
Kjelder
endre- ↑ «Cup Standings Overall - Womens World Cup 2021-22». fis-ski.com. Henta 15. desember 2022.
- Denne artikkelen bygger på «Ida Marie Hagen» frå Wikipedia på bokmål, den 2. mars 2023.