Idrettslaget Braatt

Idrettslaget Braatt er eit idrettslag heimehøyrande i Kristiansund, stifta 31. mars 1916. Laget er aktivt i bryting, fotball og i seinare år også skeiser. Lagsfargane er gule trøyer og strømper og svarte bukser.

Braatt har særleg utmerkt seg i bryting. Sidan Arne Gaupseth vart norsk meister i mellomvekt i 1924, har laget fostra nærare 20 noregsmeistrar i bryting. Flest NM-titlar tok Iver Stokke med sju titlar i tida 1933-46, medan Svein Lindstad vart norsk meister fire år på rad 1994-97 og Roe Kleive fire titlar frå 2000 til 2004. Elles vann Karl Fevåg tre NM-gull 1935-39 og Trine Strand det same 1989-2002. Utøvarar med to gullmedaljar frå NM er Robert Gaupseth 1929-30, Hege Reitan 1987-88 og Solveig Helen Torske 2003-04.

Fotballaget Braatt var mellom dei beste på Nordmøre til 1960-åra. Etter nedrykk frå 3. divisjon Møre i 1966 har Braatt alltid sidan spelt lokalfotball i Nordmøre/Romsdal, oftast på nivå 5-6 i seriesystemet.

Kjelder endre