Stjørdals-Blink
Idrettslaget Stjørdals-Blink er eit idrettslag heimehøyrande på Stjørdalshalsen i Stjørdal kommune i Nord-Trøndelag. Idrettslaget vart stifta i 1956, då Stjørdal Idrettslag og Idrettslaget Blink slo seg saman i eitt lag.
Stjørdals-Blink har avdelingar for fotball, friidrett, handball, orientering, skeiseløp, skiidrett, sykling, symjing, turn og volleyball. Sidan 2012 er Blinkbanen Stjørdals-Blink sitt fotballstadion, fram til dess spelte laget på Øverlands Minde, oppkalla etter ordførar og stortingsmann Bernhard Øverland.
Idrettslaget spelar i raude trøyer og svarte bukser.
Soge
endreFotballjuniorane til Stjørdals-Blink spelte seg fram til NM-finale i både 1976 og 1977, men tapte begge gongane, mot høvesvis Fredrikstad FK og Mjøndalen IF.
Frode Rønning og Bjørg Eva Jensen vart norske meistrar då Sprint-NM på skøyter 1982 vart arrangert på Øverlands Minde.
Spelarstall
endrePer 21. juli 2020[1] Note: Flagga viser til landslaget som spelaren kan spela for, som definert av FIFA sine reglar. Spelarane kan ha fleire nasjonalitetar i annan forstand.
|
|
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Idrettslaget Stjørdals-Blink» frå Wikipedia på bokmål, den 4. oktober 2015.