Ifakara
Ifakara er ein større by i Kilombero-distriktet i Tanzanias Morogoro-region. Han har kring 60 000 innbyggjarar og er vorten eit stadig veksande handelssentrum. Byens økonomi har tradisjonelt vore heilt bunden av landbruket.
Geografi
endreIfakara ligg i den lågtliggjande dalen rundt Kilombero-elva godt 100 km sør for hovudvegen frå Dar-es-Salaam til Iringa og vidare til Zambia. I regntida vert området ofte isolert i lengre periodar.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Ifakara» frå Wikipedia på bokmål, den 2. januar 2020.
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |