Ifjorden

fjord i Finnmark

70°30′0.56880″N 26°57′12.899″E / 70.5001580000°N 26.95358306°E / 70.5001580000; 26.95358306

Ifjorden
fjord
Land  Noreg
Fylke Finnmark
Kommune Lebesby
Del av Laksefjorden
Kart
Ifjorden
70°30′01″N 26°57′13″E / 70.500158°N 26.95358306°E / 70.500158; 26.95358306

Ifjorden (samisk Idjavuotna) er ein fjordarm av Laksefjorden i Lebesby kommune i Finnmark. Fjorden strekkjer seg 12 km søraustover til bygda Ifjord i botn av fjorden.

Fjorden har innløp mellom Bondøya i sørvest og Skjånes i nordaust. Rypøya ligg midt i innløpet. Ifjord er den største busetnaden ved fjorden, men ein finn òg fleire gardsbruk på sør- og nordaustsida, som Oldervik, Skogvika, Nordmannset, Holmen og Heimdal. På sørsida av fjorden går Friarfjorden sørover. Fjorden er 231 meter på det djupaste, heilt ytst i fjorden.

Riksveg 98 går langs sørsida av fjorden, medan Riksveg 888 går langs nordaustsida.