Eit imaginært tal er definert som eit tal som er slik at når det vert kvadrert (ganga med seg sjølv), så vert det eit negativt reelt tal. Når reelle tal vert kvadrert, vert dei aldri mindre enn null, medan kvadratet av eit imaginært tal alltid er eit negativt reelt tal. Imaginære tal har forma kor er eit reelt tal ulik null og er den imaginære eininga, definert slik at .[1]

Eit imaginært tal kan leggast til eit reelt tal a og danne eit komplekst tal på forma , kor og vert kalla høvesvis den reelle delen og den imaginære delen av det komplekse talet. Imaginære tal kan derfor reknast som eit komplekst tal ulik null, kor den reelle delen er lik null. Namnet «imaginært tal» vart opphavleg gjeven på 1600-talet som eit nedsettande uttrykk sidan slike tal vart rekna som falske eller unyttige, men i dag er dei ein viktig del i konkrete bruksområde i vitskap og ingeniørkunst.

Kjelder

endre
  1. Uno Ingard, K. (1988), Fundamentals of waves & oscillations, Cambridge University Press, s. 38, ISBN 0-521-33957-X , Chapter 2, p 38