Imbolc
Imbolc eller imbolg er ei gammal keltisk høgtid som ligg midt mellom vintersolkverv og vårjamdøgn, det vil seia i byrjinga av februar (typisk 2. februar på den nordlege halvkula, 1. august på den sørlege) eller ved dei første vårteikna. Høgtida blir også feira av mange nyheidne grupper.
![](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/1/14/Imbolc_Festival_February_3rd_2007.jpg/220px-Imbolc_Festival_February_3rd_2007.jpg)
Foto: Steven Earnshaw
Høgtida var opphavleg tileigna gudinna Brigid, men blei etter innføringa av kristendommen knytt til den kristne heilage Brigid av Irland. Dagen er også kjend som Là Fhèill Brìghde i Skottland, Lá Fhéile Bríde i Irland, og Gŵyl Fair i Wales.
Innan den nyheidne retninga wicca er imbolc ei av dei fire hovudhøgtidene på årshjulet, saman med beltane, lughnasadh og samhain.
Bakgrunnsstoff
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Imbolc» frå Wikipedia på engelsk, den 1. februar 2009.