Imbolc

(Omdirigert frå Imbolg)

Imbolc eller imbolg er ei gammal keltisk høgtid som ligg midt mellom vintersolkverv og vårjamdøgn, det vil seia i byrjinga av februar (typisk 2. februarden nordlege halvkula, 1. august på den sørlege) eller ved dei første vårteikna. Høgtida blir også feira av mange nyheidne grupper.

Markering av imbolc i Marsden i West Yorkshre februar 2007.
Foto: Steven Earnshaw

Høgtida var opphavleg tileigna gudinna Brigid, men blei etter innføringa av kristendommen knytt til den kristne heilage Brigid av Irland. Dagen er også kjend som Là Fhèill Brìghde i Skottland, Lá Fhéile Bríde i Irland, og Gŵyl Fair i Wales.

Innan den nyheidne retninga wicca er imbolc ei av dei fire hovudhøgtidene på årshjulet, saman med beltane, lughnasadh og samhain.

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre