Indian Airlines, også kalla Indian, var eit større indisk flyselskap som verka frå 1953 til 2011. Saman med Air India var det eit av to nasjonale flyselskap i India.

Fly frå Indian Airlines

Indian Airlines tilhøyrde den indiske staten og var administrert av den sivile luftfartsstyresmakta i landet, Ministry of Civil Aviation. Det hadde base i Mumbai og fokuserte først og fremst på innanrikstrafikk.

7. desember 2005 tok flyselskapet namnet «Indian» i bruk i reklamesamanheng.[1]

I 2007 kunngjorde den indiske regjeringa at Indian Airlines skulle slåast saman med Air India.[2] 26. februar 2011 slutta Indian Airlines å verka under eige namn og kodar, og fullførte samanaslåinga med Air India.[3]

Kjelder

endre
  1. «Indian Airlines to be called 'Indian' now». Rediff.com. 7. desember 2005. 
  2. «AI/IC merger being completed». pata.org. Arkivert frå originalen 7. mars 2012. Henta 21 March 2018. 
  3. «AI/IC complete merger». Arkivert frå originalen 1. mars 2011.