Indre Sundan
Indre Sundan er ein fjord eller eit sund i Bodø kommune i Nordland. Fjorden ligg på sørsida av Straumøya og er ei fortsetjing av Ytre Sundan, som igjen er ein fjordarm av Beiarkjeften og Saltfjorden. Indre Sundan strekkjer seg 5 km nordaustover til den sørlege delen av Saltstraumen.
Fjorden har innløp mellom Skivika i nord og Evjenakken i sør. Lengst aust i sundet kryssar Fylkesveg 17 sundet via Indre Sunnan bru.