Inner-Vikna

(Omdirigert frå Indre Vikna)

Inner-Vikna eller Indre Vikna er den austlegaste av dei store øyane i Nærøysund kommune i Trøndelag. Øya har ei flatevidd på 99,2 km2 og vel 3200 innbyggjarar.

Inner-Vikna
Geografi
Stad Namdalen
Koordinatar 64°53′N 11°11′E / 64.883°N 11.183°E / 64.883; 11.183
Øygruppe Nærøysund

Areal 99,2 km²

Administrasjon
Land Noreg
Fylke Trøndelag
Største busetnad Rørvik (3651 innb.)

Ho høyrer til øygruppa Vikna som har tusenvis av øyar og holmar. Øya er flat og treberr med fleire myrar. Nærøysundet skil Indre Vikna frå fastlandet. Ved sundet ligg tettstaden Rørvik, med 3 651 innbyggjarar per 1. januar 2023. Fylkesveg 770 fører over sundet i bru via Marøya til fastlandet. Skipsleia går gjennom sundet.

Kjelde

endre

«Indre Vikna» i Store norske leksikon, snl.no.