Industristatistikk

Industristatistikk er ein rapport som årleg vert utarbeidd av Statistisk Sentralbyrå. Denne skal gje detaljerte sturkturtal for industrien og omfattar bedrifter innan bergverksdrift og industri utanom einmannsbedrifter og bedrifter med mindre enn eit halvt årsverk i året. Industristatistikken gjev mellom anna tal for sysselsetjing, produksjon, omsetning og kostnadar fordelt på næringar, storleik og regionar. Statistikken gjev òg detaljerte opplysningar om produksjon og innsats fordelt på varesal. Industristatistikken er ei av dei viktigaste datakjeldene for nasjonalreknskapen.

Statistikken vart første gong publisert i 1876 for åra 1870-1874.

Kjelder endre