Ingelsfjorden

fjord i Hadsel i Nordland

68°28′27″N 15°14′44″E / 68.47417°N 15.24556°E / 68.47417; 15.24556 Ingelsfjorden er ein fjordarm av Hadselfjorden på vestsida av Hinnøya. Fjorden strekkjer seg 8 km austover til Ingelsfjordeidet.

Fjorden har innløp gjennom fleire sund. Vedøya ligg lengst nord i innløpet og sør for denne ligg Brottøya. Austvågøy ligg heilt sørvest. Raftsundet ligg mellom Austvågøy og Hinnøya, Hanøysundet går mellom Austvågøy og Brottøya, Vitjet mellom Brottøya og Vedøya og til slutt Verdøysundet lengst nord. Det er få busetnader langs fjorden, men på nordsida finn ein Ingelsfjord og på sørsida Storå. Ingen av desse har vegsamband. Rett sør for grenda Ingelsfjord ligg Kalvøya og frå her og inn til Austneset vert fjorden kalla Ytterfjorden. Det siste stykket inn til botn av fjorden vert kalla Innerfjorden.