Opna hovudmenyen

Prinsesse Ingrid Alexandra av Noreg (fødd 21. januar 2004 i Oslo, Noreg) er prinsesse av Noreg og dotter av kronprins Haakon og kronprinsesse Mette-Marit. Ho er kronprinsparet sitt fyrste barn saman.

Prinsesse Ingrid Alexandra av Noreg
Ingrid Alexandra de Norvège.png
Prinsesse Ingrid Alexandra (2018)
FøddIngrid Alexandra
2004-01-2121. januar 2004
Oslo i Noreg
TittelPrinsesse av Noreg
Alle titlarPrinsesse av Noreg
Fullt namnIngrid Alexandra
LandNoreg
MorMette-Marit
FarHaakon Magnus

Prinsesse Ingrid Alexandra vart fødd 21. januar 2004, kl. 09.13, på Rikshospitalet i Oslo. Ho er nr. to til den norske trona etter far sin og er den fyrste kvinna som er fødd med arverett til trona. Prinsessa vil, om monarkiet vert vidareført, ein gong verta regjerande dronning av Noreg.

I 1990 vart den norske grunnlova endra. Endringa inneber at eldste barnet til kongen eller ein tronfylgjar går inn i tronfylgjerekkja. Tidlegare gjekk berre guteborn inn i arverekkja. I §41 vart ordet Prinds bytta ut med tronarving.

Slik som faren stammar ho direkte ned frå dronning Victoria av Storbritannia. Ho står difor på lista over engelske tronfylgjarar.

TitlarEndra

Hennar Kongelege Høyhet Prinsesse Ingrid Alexandra av Noreg

GalleriEndra

Ingrid Alexandra av Noreg

BakgrunnsstoffEndra