Ingvald Haugen
Ingvald Haugen (16. oktober 1894–20. juni 1958) var ein norsk sjømann, fagforeiningsmann og politikar frå Hadsel. Han var formann i Norsk Sjømannsforbund frå 1936 til 1958, og stortingsrepresentant frå Oslo i perioden 1945-1949.
Ingvald Haugen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 16. oktober 1894 Hadsel |
Død | |
Yrke | politikar, fagforeiningsleiar |
Språk | norsk |
Politisk parti | Arbeidarpartiet |
Medlem av | Norsk Sjømannsforbund |
Haugen var son til ein småbrukar og fiskar. Han var sjølv fiskar frå han 14 år gammal. I 1914 reiste han til sjøs og var sjømann fram til 1919.
Frå 1919 arbeidde Haugen som tillitsmann i Sjømannsorganisasjonen, med kontorstad i mellom andre Haugesund og seinare Cardiff. I tida 1927-36 var han nestformann i Sjømannsorganisasjonen, sidan då busett i Oslo. Frå 1936 til 1958 var han formann i Norsk Sjømannsforbund, gjennom krigsåra 1940-45 med base i USA og i Storbritannia. Åra 1950-58 var han også med i eksekutivkomiteen til Transportinternasjonalen.
Haugen var medlem i sentralstyret i Arbeidarpartiet frå 1936 til 1957 og i Kvalrådet 1936-58. Perioden 1945-49 representerte han Arbeidarpartiet på Stortinget, der han var medlem i Post-, telegraf- og kystfartskomiteen.
For innsatsen under andre verdskrigen vart Haugen tildelt den britiske King's Medal for Service in the Cause of Freedom.