Ingvarsteinane
Ingvarsteinane, svensk Ingvarsstenarna, er runesteinar som blei reiste til minne om folk som døydde under den katastrofale vikingferda til Ingvar den vidfarne i samband med ferda si i austerlei kring åra 1036-1041. Ferda er kjend som Ingvarstoget.
Gripsholmssteinen (Sö 179) er ein av dei best kjende av Ingvarssteinane.
Totalt finst det mellom 25 og 30 ingvarssteinar. Dette er eineståande når det gjeld runesteinar som kan knytast til ei og same historiske hending.
Skipseigarar
endreNokre av runesteinane nemner skipseigarar som ein kan knytta til Ingvarstoget. Eit døme på dette er Svinnegarnsstenen (U 778) frå Uppland. Denne har ifølgje si eiga innskrift vore del av eit større monument, som ein kan rekna med var ved tingplassen i Svinnegarn. Steinen er reist av foreldra til ein av deltakarane i Ingvarstoget, Banke, som var ein av desse skipseigarane. Innskrifta på U 778, som er eit godt døme på ein ingvarsstein, følgjer under:
Innskrift
endreRuneskrift: þialfi × auk × hulmnlauk × litu × raisa × staina þisa × ala × at baka × sun sin × is ati × ain × sir × skib × auk × austr × stu[rþi ×] i × ikuars × liþ × kuþ hialbi × ot × baka × ask(i)l × raist
Normalisert: Þialfi ok Holmlaug letu ræisa stæina þessa alla at Banka, sun sinn. Es atti æinn seR skip ok austr styrði i Ingvars lið. Guð hialpi and Banka/Bagga. Æskell ræist.
Moderne svensk: Tjälve och Holmlög läto resa alla dessa stenar efter Banke, sin son. Han ägde ensam för sig ett skepp och styrde österut i Ingvars lid. Gud hjälpe Bankes själ. Äskil ristade.
Galleri
endre-
Sö 9 i Lifsinge i Dillnäs socken
-
Sö 96 vid Jäders kyrka i Jäders socken
-
Sö 105 i Högstena i Kjula socken
-
Sö 107 i Balsta i Klosters socken
-
Sö 108 i Balsta i Klosters socken
-
Sö 131 i Lundby i Lids socken
-
Sö 279 ved Strängnäs domkyrka
-
Sö 281 ved Strängnäs domkyrka
-
U 644, Ekilla bro
-
U 654, Varpsund i Övergrans socken.
-
U 837, Alsta i Nysätra socken.
-
U Fv1992;157 frå Måby gård i Husby-Ärlinghundra sn.
-
Vs 19, Berga i Skultuna socken
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Ingvarsstenarna» frå Wikipedia på svensk, den 19. desember 2021.
Litteratur
endre- Svante Fischer (1999). Ingvarsstenarna i tid och rum
- Sven B. F. Jansson (1963). Runinskrifter i Sverige
- Mats G. Larsson (1990). Ett ödesdigert vikingatåg. Ingvar den vittfarnes resa 1036–1041
- Carl L. Thunberg (2010). Ingvarståget och dess monument. En studie av en runstensgrupp med förslag till ny gruppering