Inner-Vikna
Inner-Vikna eller Indre Vikna er den austlegaste av dei store øyane i Nærøysund kommune i Trøndelag. Øya har ei flatevidd på 99,2 km2 og vel 3200 innbyggjarar.
Inner-Vikna | |
---|---|
Geografi | |
Stad | Namdalen |
Koordinatar | 64°53′N 11°11′E / 64.883°N 11.183°E |
Øygruppe | Nærøysund
|
Areal | 99,2 km²
|
Administrasjon | |
Land | Noreg |
Fylke | Trøndelag |
Største busetnad | Rørvik (3651 innb.)
|
Ho høyrer til øygruppa Vikna som har tusenvis av øyar og holmar. Øya er flat og treberr med fleire myrar. Nærøysundet skil Indre Vikna frå fastlandet. Ved sundet ligg tettstaden Rørvik, med 3 651 innbyggjarar per 1. januar 2023. Fylkesveg 770 fører over sundet i bru via Marøya til fastlandet. Skipsleia går gjennom sundet.
Kjelde
endre«Indre Vikna» i Store norske leksikon, snl.no.