Innerfjorden ved Kanstadfjorden
Innerfjorden er den inste delen av Kanstadfjorden i Lødingen kommune i Nordland. Fjorden strekkjer seg om lag 5 km nordover til Kanstadbotnen.
Fjorden har innløp ved Kanstadstraumen som vert kryssa av Kanstadstraumen bru. Brua er ein del av Riksveg 837. Vegen møter E10, som går langs heile austsida av fjorden, på andre sida.