Opna hovudmenyen
Innmark er ofte inngjerda, som her i Thorpdale i Australia.

Innmark er all dyrka mark, som åker, eng, kulturbeite, hage og yngre plantefelt. Til definisjonen høyrer også gardsplassar, hustomter og industriareal. Omgrepet er nytta i Friluftsloven som motstykket til utmark. I motsetning til i utmark vil allmugen sine rettar i samband med områda vera sterkt avgrensa.

Ein kan ikkje gå i innmark dersom det vil vera til plage for eigaren. Elles kan ein gå til fots over dyrka mark som er frosen, men ikkje rasta eller overnatta. Ein kan heller ikkje bruka køyretøy der utan lov frå grunneigaren.

I moderne landbruk er det innført nye omgrep som «nær utmark», «gjengroingsareal» og «beitelandskap». Desse innmarksomgrepa gjer det lettare å skildra endringar i kulturlandskapa som følgje av drifts- og bruksendringane i det norske landbruket.