IKO - Kirkelig pedagogisk senter
(Omdirigert frå Institutt for Kristen Oppseding)
IKO – Kirkelig pedagogisk senter vart etablert i 1945 med hovudformålet å styrke kristendomsfaget i skulen. Frå fyrst av var namnet «Kristelig pedagogisk kontor», frå 1948 vart namnet endra til «Institutt for Kristen Oppseding». I 2003 vart namnet endra til «IKO – Kirkelig pedagogisk senter».
IKO er leia av ein representantskap med representantar frå bispedømmeråda, Den evangelisk-lutherske frikyrkja og ei rad kristne barne- og ungdomsorganisasjonar. Hovudkontoret ligg i Oslo.
IKO skal vere eit kompetanse- og utviklingssenter innan fire hovudområde:
- Kyrkje og kyrkjelyd
- Barnehage
- Skule
- Heim og familie.