Ein intervallsyklus er innanfor musikken ei samling av tonar som ein finn ved å starta på ein bestemt tone, for så å gå opp med eit bestemt toneintervall til ein er tilbake på oktaven over tonen som var utgangspunktet. Intervallsyklusen er då altså alle dei tonane som er med på vegen. Eit eksempel kan vera å starta på C, og gå oppover med tre halvtonar til ein treffer C igjen. Då vil tonane C, Eb, Gb og A (Bbb) vera med i syklusen.

Intervallsyklusar blir av George Perle notert med ein C, og talet på halvtonar i intervallet etterpå. Til dømes vil ein dim-akkord (med tre halvtonar som intervall) bli notert som C3. Slike syklusar er viktige i post-diatonisk musikk, mellom anna i nyare klassisk musikk.

Her er syklusane C1, C2, C3, C4 og C6 notert:

Kjelde endre