Ipatovo (russisk Ипа́тово) er ein by i Stavropol kraj i Russland med om lag 30 000 innbyggjarar. Han ligg ved elva Kalaus, rundt 100 km nordaust for Stavropol.

Ipatovo
Ипатово
Horisonten til
Horisonten til
Plassering
Ipatovo is located in Russland
Styresmakter
Land Russland
Føderasjonssubjekt Stavropol kraj
Grunnlagd
Bystatus
1860
1979
Geografi
Innbyggjarar
 - Totalt (2008)

28 133
Koordinatar 45°43′00″N 42°54′00″E / 45.71667°N 42.90000°E / 45.71667; 42.90000
Tidssone
- Ved sommartid
MSK (UTC+3)
MSD (UTC+4)
Diverse annan informasjon
Postnummer 356630
Retningsnummer (tlf) +7 86542

Ipatovo vart grunnlagd i 1860 som busetnaden Tsjemrek. Namnet vart seinare endra til Vinodelnoje (russisk: Виноде́льное, omsett: Landsbyen der det vert laga vin) sidan det var mange statlege vinkjellarar i byen. I 1935 vart namnet igjen endra, til det noverande Ipatovo, kalla opp etter den russiske helten frå borgarkrigen, P. M. Ipatov, som døydde her i 1918. Ipatovo fekk bystatus i 1979.

Kjelder

endre
  Denne geografiartikkelen som har med Russland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.