Ishockey under Vinter-OL 1960

Ishockey under Vinter-OL 1960 vart avvikla i tida frå 19. til 28. februar 1960 i Squaw Valley. Kampane fann stad på Blyth Arena, eit stadion med plass til 8 500 tilskodarar. Arrangørlandet USA vann si fyrste olympiske gullmedalje i ishockey etter siger i alle sine kampar. Canada tok sølv og Sovjetunionen bronse.

Blyth Arena vart bygt i 1959 og riven i 1983
Kampen USA-Sovjetunionen enda 3-2

Turneringa endre

Ni land deltok i ishockeyturneringa. Laga vart fordelt i tre grupper à tre lag, dei to beste laga i kvar av gruppene fekk plass i eit seriespel som avgjorde medaljefordelinga. Botnlaga i dei innleiande gruppespela møttest til ein eigen serie som avgjorde plasseringane 7-9.

Meisterspelet endre

Plass Lag Kampar Sigrar Uavgj. Tap Målskår Poeng
1   USA 5 5 0 0 29 - 11 10
2   Canada 5 4 0 1 31 - 12 8
3   Sovjetunionen 5 2 1 2 24 - 19 5
4   Tsjekkoslovakia 5 2 0 3 21 - 23 4
5   Sverige 5 1 1 3 19 - 19 3
6   Tyskland 5 0 0 5 5 - 45 0

Kjelder endre