Isla del Trocadero

Isla del Trocadero er ei øy i Cádizbukta i Andalucia i Spania.

Måse

Ho har eit areal på 5,25 km² og ligg sør i Cádizbukta, sørvest for landsbyen Puerto Real.

Nordsida av øya vert kryssa av den spanske riksvegen N443, som går frå Puerto Real til Cádiz. Industriområdet Polígono El Trocadero og ein motorvegrampe kalla El Trocadero viser til at dei ligg nær øya.

Verneområde endre

Isla del Trocadero er ein del av eit større verna område og naturparken Parque Natural de la Bahía de Cádiz, som dekkjer 100 km². Dette området er ein stoppestad for trekkfuglar.

Tilkomst til øya endre

Øya kan vitjast frå hamnene i Puerto Real og Matagorda. Særleg er det mange fuglekikkarar som kjem hit.

Historie endre

Øya har vore ein viktig stad for kommersiell trafikk i området. Her reparerte ein mellom anna skipa sine. San Luis-fortet heilt sør på øya vart nytta som ein del av forsvarsverket av Cadizbukta.

Festninga, som i dag ligg i ruinar, vart erobra av franske troppar under slaget ved Trocadero den 30. august 1823.

Kjelder endre

36°31′N 6°13′W / 36.517°N 6.217°W / 36.517; -6.217