Islandmagee
Islandmagee (irsk Oileán Mhic Aodha) er ei halvøy på austkysten av County Antrim i Nord-Irland mellom byane Larne og Carrickfergus.
Islandmagee | |||
halvøy | |||
Land | Nord-Irland | ||
---|---|---|---|
Fylke | County Antrim | ||
Islandmagee 54°47′47″N 5°42′11″W / 54.7964°N 5.70304°W | |||
Wikimedia Commons: Islandmagee |
Av busetnadar på halvøya finn ein Ballystrudder, Portmuck, Mill Bay og Ballykeel, medan Brown's Bay er ein populær turistattraksjon. Her ligg det største kraftverket i Nord-Irland, Ballylumford.
Historie
endreIslandmagee er kjend for massakren som fann stad her i januar 1642, då fleire lokale katolikkar vart kasta utfor klippene og systematisk drepne i heimane sine. Ei gruppe protestantar tok hemn etter det irske opprøret i 1641 og gjekk frå hus til hus og tok livet av heile familiar.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Islandmagee» frå Wikipedia på engelsk, den 22. oktober 2007.