Opna hovudmenyen

Ismaïl Omar Guelleh (fødd 27. november 1947 i Dire Dawa i Etiopia) er president i Djibouti. Han vart president etter onkelen sin, Hassan Gouled Aptidon, som var president fram til 1999.

Ismaïl Omar Guelleh
Ismail Omar Guelleh 2010.jpg
Fødd27. november 1947
Dire Dawa
NasjonalitetFrankrike, Djibouti
PartiRassemblement populaire pour le progrès
Yrkepolitikar
EktefelleKadra Mahamoud Haid

På slutten av 1960-talet flytta Guelleh til Djibouti frå Etiopia før han fullførte vidaregåande skule. Han vart seinare med i politiet og vart utnemnt til underoffiser. Etter at Djibouti vart eit sjølvstendig land, vart Guelleh leiar for det løynlege politiet og sjef for regjeringa i regjeringa til onkelen sin, dåverande president Hassan Gouled Aptidon.

Han fekk opplæring frå Somali National Security Service og deretter frå den franske Secret Service før han vart valt som etterfølgjaren til onkelen sin til president-embedet i 1999.

Ved presidentvalet 8. april 2005 vart Guelleh attvald for ein ny 6-års-periode. Han var då den einaste kandidaten og fekk 100% av røystene. Han vart òg attvald 8. april 2011, men opposisjonen boikotta då valet slik at Guelleh berre hadde ein lite kjend motkandidat (Mohamed Warsama Ragueh). Guelleh fekk 80,6% av stemmane.

Guelleh vert ofte berre omtalt ved initialane sine 'IOG'.

KjelderEndra