Issaelva
Issa (russisk Исса) er ei elv i Pskov oblast i Russland og ei av sideelvane til Velikaja frå venstre. Elva er 174 km lang og har eit nedslagsfelt på 1 580 km².
Issa | |||
elv | |||
Land | Russland | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 1 580 km² | ||
Lengd | 174 km | ||
Munning | Velikaja | ||
Issaelva 56°58′10″N 28°47′33″E / 56.969408°N 28.792621°E |
Issa har utspring sørvest i regionen, nesten ved grensa til Latvia, frå den vesle innsjøen Dedino nær landsbyen med same namn.
Den største sideelva hennar er Vet frå høgre.
Den øvre delen av Issa renn nordover gjennom eit aude skogområde og renn raskt. Fram til landsbyen Aprosovo er aldri elva breiare enn 20 meter. Etter kvart veks elva til 30 meter og renn seinare. Issa munnar ut i Velikaja ovanfor byen Pusjkinskije Gory.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Исса (приток Великой)» frå Wikipedia på russisk, den 1. november 2008.