It Don't Bother Me
It Don't Bother Me Studioalbum av Bert Jansch | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | December 1965 | |
Innspelt | April 1965 i Pye Studios i Denmark Street i London | |
Sjanger | Folk | |
Selskap | Transatlantic | |
Produsent | Nathan Joseph, Bill Leader (uncredited) | |
Bert Jansch-kronologi | ||
---|---|---|
Bert Jansch (1965) |
It Don't Bother Me | Lucky Thirteen (1966)
|
It Don't Bother Me er det andre studioalbumet til den skotske visesongaren Bert Jansch og kom ut i desember 1965. Det vart produsert av Nathan Joseph og Bill Leader, sjølv om Leader ikkje var oppført i omslaget for dette.[2]
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | [1] |
Albumet inneheld ni songar av Jansch, ein av Alex Campbell («So Long (Been on the Road So Long)»), og den tradisjonelle «900 Miles». På den siste songen spelar Jansch banjo i staden for den akustiske gitaren han nyttar på dei andre songane. På «A Man I'd Rather Be» syng Roy Harper solovokal.[3] På «My Lover» spelar Harper òg noko gitar, medan John Renbourn spelar solo akustisk gitar. «Lucky Thirteen» er ein gitarduett med Renbourn, basert på ein song skriven av sistnemnde og visstnok spelt inn under innspelinga av Bert And John.[4] «Tinkers Blues» og «The Wheel» er instrumentale spor av Jansch.
Innhald
endreNr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Oh, My Babe» | 3:56 |
2. | «Ring-A-Ding Bird» | 4:39 |
3. | «Tinker's Blues» (Instrumental) | 1:04 |
4. | «Anti Apartheid» | 4:02 |
5. | «The Wheel» (Instrumental) | 1:45 |
6. | «A Man I'd Rather Be» | 2:04 |
7. | «My Lover» | 4:00 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
8. | «It Don't Bother Me» | 4:25 | |
9. | «Harvest Your Thoughts of Love» | 2:12 | |
10. | «Lucky Thirteen» (Instrumental) | John Renbourn | 3:30 |
11. | «As the Day Grows Longer Now» | 3:40 | |
12. | «So Long (Been On the Road So Long)» | Alex Campbell | 3:10 |
13. | «Want My Daddy Now» | 1:33 | |
14. | «900 Miles» | Tradisjonell | 3:03 |
Medverkande
endre- Bert Jansch - gitar, vokal
- Roy Harper - solovokal på nr. 6, gitar på nr. 7
- John Renbourn - gitar på nr. 7 og nr. 10.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «It Don't Bother Me (album)» frå Wikipedia på engelsk, den 5. februar 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Allmusic review
- ↑ «Bert Jansch website». Arkivert frå originalen 5. desember 2008. Henta 5. februar 2011.
- ↑ http://musicnaut.iki.fi/musicnaut/royharper/discography/guest.html
- ↑ See John Renbourn’s notes on Bert and John.