Italiensk Somaliland

Italiensk Somaliland var ein italiensk koloniAfrikas horn, som eksisterte, bortsedd frå eit kort mellomspel under andre verdskrigen, då det stod under britisk styre, frå slutten av 1800-talet til 1960, då det vart ein del av dagens Somalia.

Italia tok kontroll over ulike delar av Somalia på 1880-talet, og fremja italiensk busetjing i området. I 1936 vart området innlemma i Italiensk Aust-Afrika etter den andre krigen mellom Italia og Etiopia.

I 1941 vart området okkupert av britiske styrkar, og britane heldt fram å administrera området fram til november 1949, då det vart eit SN-tilsynsområde under italiensk administrasjon.

1. juli 1960 vart Italiensk Somaliland gjeve sjølvstende og vart umiddelbart slått saman med naboområdet Britisk Somaliland (som hadde fått uavhengig 26. juni) for å danna Somalia.

Kjelder Endra