Ivan Ivankov
Ivan Aleksandrovitsj Ivankov (fødd 10. april 1975) er ein belarusisk tidlegare turnar frå Minsk. Han vart verdsmeister i mangekamp i 1994 og 1997, og europameister i mangekamp i 1994 og 1996. Ivankov vann også tre gullmedaljar i lagtevlingar for Belarus, dei to fyrste i europameisterskap i turn, 1994 og 1997, den tredje og siste ved Turn-VM 2001 i Gent. I olympiske leikar var fire fjerdeplassar det beste han oppnådde.
Ivan Ivankov | |
Statsborgarskap | Belarus |
Fødd | 10. april 1975 (49 år) Minsk |
Idrett | turn |
Tok del i | Sommar-OL 2004, Sommar-OL 2000 |
Utmerkingar | 2. klasse av Fedrelandsordenen, idrettens mesterære i Belarus, 3. klasse av Fedrelandsordenen |
Ivankov sanka åra 1994-2001 elleve (3-3-5) VM-medaljar og åra 1994-2006 fjorten (4-6-4) EM-medaljar i ulike turnøvingar og -tevlingar. Einast i hopp-øvinga vart han verande medaljelaus.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Ivan Ivankov» frå Wikipedia på engelsk, den 20. mai 2023.
- «Ivan Ivankou» (på engelsk). Olympedia.org. Henta 18. april 2024.