Ivan Vicelich
Ivan Robert Vicelich (fødd 3. september 1976 i Auckland) er ein newzealandsk fotballspelar som har spela for, og vore kaptein for, Auckland City i den newzealandske fotballigaen. Han spelar òg for New Zealand sitt landslag, og er den spelaren som har flest landskampar for New Zealand.
Personleg informasjon | |||
---|---|---|---|
Fullt namn | Ivan Robert Vicelich | ||
Fødd | 3. september 1976 | ||
Fødestad | Auckland | ||
Høgd | 190 cm | ||
Posisjon | Forsvar, midtbane | ||
Klubbinformasjon | |||
Noverande lag | Auckland City | ||
Nummer | 15 | ||
Seniorkarriere* | |||
År | Lag | Kampar (Mål) | |
1993-95 1996-99 1999-2001 2001-06 2006-08 2008- |
Waitakere City Central United Football Kingz Roda Waalwijk Auckland City |
64 (4) 100 (18) 46 (6) 129 (14) 21 (0) 41 (8) | |
Landslag | |||
1995- | New Zealand | 65 (6) | |
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 18. april 2010 ‡ Landslagsmål oppdatert 18. april 2010 |
Vicelich begynte fotballkarrieren sin for dei newzealandske klubbane Waitakere City og Central United før han i 1999 gjekk til Football Kingz, som på den tida var det einast profflaget på New Zealand og spelte i den australske proffligaen. I 2001 drog han til Europa og Roda i nederlandsk Eredivisie. Han spelte i Nederland i sju år, fram til 2006 for Roda og 2006 til 2008 for Waalwijk, før han vende attende til New Zealand og Auckland City i 2008.
Vicelich debuterte for New Zealand sitt A-landslag som innbytar i eit 0-7-tap mot Uruguay 25. juni 1995. Han spelte for New Zealand i Confederations Cup i 1999 og 2003. 16. august 2008 kunngjorde han at han trekte seg frå vidare landslagsspel, men 22. mai 2009 gjekk han tilbake på dette, og vart med i troppen til Confederations Cup same året. I den avgjerande kvalifiseringskampen til fotball-VM i 2010 heime mot Bahrain 14. november 2009 sette han ny rekord i landskampar for New Zealand, med 65. Han var med i New Zealand sin tropp til fotball-VM i 2010.
Kjelder
endre- Denne artikkelen begynte med ei omsetjing frå engelsk wikipedia 10. mai 2010.