Jörgen Mårtensson

Jörgen Mårtensson (fødd 4. desember 1959) er ein svensk tidlegare orienteringsløpar. Han vart verdsmeister på klassisk-distansen i VM 1991 og VM 1995. Åra 1982, 1988 og 1995 sigra han i den individuelle tevlinga i nordiske meisterskap.

Jörgen Mårtensson


Statsborgarskap Sverige
Fødd 4. desember 1959 (64 år)
Idrett orientering

Mårtensson sanka ti VM-medaljar i tida frå 1981 til 1987. Omframt to gull- og tre sølvmedaljar i individuelle tevlingar, var han med på å vinne tre stafett-sølv og to stafett-bronsar. I nordiske meisterskap tok han åtte medaljar, fordelt på fem gull, eitt sølv og to bronsar.

Mårtensson sigra i femdagars-tevlinga O-Ringen i 1981, i 1996 og 1997.

Medaljar og plasseringar i verdsmeisterskap endre

  • VM 1981: Sølv i stafett, nr 6 individuelt
  • VM 1985: Sølv i stafett, nr 4 individuelt
  • VM 1987: Bronse i stafett, nr 4 individuelt
  • VM 1989: Sølv i stafett, nr 5 individuelt
  • VM 1991: Gull i klassisk løype
  • VM 1993: Sølv i klassisk løype
  • VM 1995: Gull i klassisk løype, sølv i kort løype og bronse i stafett
  • VM 1997: Sølv i klassisk løype

Kjelder endre