Jølst er eit blad som blir gjeve ut av Jølster Mållag og hovudsakleg har kulturhistorisk og lokalhistorisk innhald relatert til Jølster. Bladet såg dagens lys i 1984 og kom ut med eitt nummer for året fram til 2013 då redaksjonen la inn årane. Det lukkast ikkje Jølster Mållag å få på plass ny redaksjon, og bladet låg nede i to år før ny redaksjon kom inn våren 2016. Dermed var den 31. utgåva av bladet på plass i god tid før jula 2016.

BakgrunnsstoffEndra