JW Marriott Absheron Baku Hotel

JW Marriott Absheron Baku Hotel er eit skyskraparhotell i Baku i Aserbajdsjan. Hotellet vart opna i 1985. Det opphavlege hotellet hadde 343 rom fordelt på 16 etasjar. Hotellet vart kjøpt og restaurert av JW Marriott i 2009 med 243 rom fordelt på 20 etasjar.

JW Marriott Absheron Baku Hotel

Opna1985
Kart
JW Marriott Absheron Baku Hotel
40°22′28″N 49°51′22″E / 40.374346°N 49.856247°E / 40.374346; 49.856247

Mogleg terrormål endre

Tryggleiksdepartementet i Aserbajdsjan hevda etter finalen i Eurovision Song Contest 2012 at dei hadde avverja eit mogleg terroråtak på Bakı Kristal Zalı, arenaen der Eurovision Song Contest 2012 vart arrangert, då dei arresterte om lag 40 personar i Aserbajdsjan. Under arrestasjonen vart éin person drepen. I tillegg til arenaen var òg politibygningar, hotell som Hilton Baku og JW Marriott Absheron Baku Hotel, moskear og den aserbajdsjanske presidenten İlham Əliyev moglege terrormål.[1][2]

Fotnotar endre

Kjelder endre