Jack Daugherty
Jack Daugherty (13. august 1930–2. februar 1991) var ein musikar og produsent som er mest kjend som produsent for bandet The Carpenters.
Jack Daugherty | |||
Fødd | 13. august 1930 | ||
---|---|---|---|
Død | 2. februar 1991 (60 år) | ||
Dødsstad | Carmel i California i USA | ||
Opphav | USA | ||
Sjanger | Pop, softrock | ||
Instrument | Trompet | ||
Tilknytte artistar | The Carpenters, Woody Herman | ||
Plateselskap | A&M Records | ||
Verka som | Musikar, plateprodusent |
Tidleg i karrieren spelte han trompet i bandet til Woody Herman. I 1960-åra hadde han nesten trekt seg heilt ut av musikkindustrien og arbeidde i flyselskapet North American Aviation. Han hadde framleis kontaktar innan musikkindustrien, mellom anna John Pisano, som var gitarist i bandet til Herb Alpert, The Tijuana Brass. Daugherty gav ein demokassett med Karen og Richard Carpenter til Herb Alpert via Pisano. Dette førte til at Carpenters fekk platekontrakt på selskapet til Alpert i 1969, medan Daugherty fekk ein personleg produksjonskontrakt. Han produserte innspelingane til Carpenters frå 1969 til 1972.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Jack Daugherty» frå Wikipedia på engelsk, den 3. februar 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Coleman, Ray. The Carpenters: The Untold Story. HarperCollins, New York, 1994. ISBN 978-0-06-018345-5