Staël von Holstein
(Omdirigert frå Jacob Axel Staël von Holstein)
Staël von Holstein er ei adelsslekt med røter i Estland, Livland, Russland og Sverige. Medlemmer bur i dag i desse landa og i England, Frankrike, Tyskland og USA.
Ei grein av den rhinfrankiske ætten Stahl eller Staël flytta til Livland mot slutten av 1400-talet. Major Hildebrand Staël (død 1587) som var i polsk teneste blei stamfar for den svenske greina. Sønene hans blei naturaliserte som svenske adelsmenn i 1652 og opphøgde til den svenske riddarklassen i 1778.
Personar frå slekta Staël von Holstein
endre- Georg Bogislaus Staël von Holstein
- Germaine de Staël, fødd Necker
- Johan Staël von Holstein
- Nicolas de Staël
- Jacob Axel Staël von Holstein, kjend som mannen som drap Tordenskjold i duell