Jacob Gram

Norsk kjøpmann og stortingsmann

Jacob Marcus Schawland Gram (6. oktober 178319. januar 1843) var ein norsk kjøpmann og stortingsmann frå Trondheim.

Jacob Gram
Jacob Marcus Schawland Gram (1783 - 1843) (2742091810).jpg
Fødd 6. oktober 1783
Ogndal
Død

19. januar 1843
Trondheim

Yrke kjøpmann, grunneier, reiar, politikar
Jacob Gram på Commons

Gram var son til ein kjøpmann i Trondheim, og var sjølv kjøpmann i heimbyen. Han representerte valkrinsen Trondheim på Stortinget både i 1833 og 1836, på Omframtstortinget 1836-37 og på Stortinget 1839. I 1830 var han sekretær i Protokollkomiteen og medlem i komiteen om kjøpstadskatten, og i 1836 og 1836-37 medlem i Protokollkomiteen. I 1839 var han formann i Desisjonskomiteen og medlem i Komiteen om brannvesenet i byane. Også til 1842-stortinget vart Gram vald, men sa frå seg valet.

KjelderEndra