Jan Elisabeth Lindvik

Jan Elisabeth Lindvik (fødd i 1954 i Arna i Bergen) er ein norsk aktivist, forfattar og tidlegare leiar for Forbundet for transpersoner i Norge (FTPN.[1] Lindvik mottok stor merksemd då han var med på radioprogrammet Norgesglasset i NRK Radio for å fortelje om sine erfaringar som transperson.[2] Sidan har han figurert i media for å snakke om transrettar og for å bidrage til å fjerne skam og stigma rundt det å vere trans.[3]

Jan Elisabeth Lindvik
Statsborgarskap Noreg
Fødd 1954 (70 år)
Arna
Yrke transaktivist, skribent
Jan Elisabeth Lindvik på Commons
Utdrag frå livsminneintervju med Lindvik av Skeivt arkiv.

Lindvik er i dag aktiv i Fri Oslo og Viken og jobbar til dagleg som undervisingsleiar på masterstudiet i audiovisuell forteljing ved Høgskolen i Lillehammer. I 2016 gav han ut ungdomsromanen Maos raude kjole, ei oppvekstskildring om det å vere trans basert på eigne erfaringar.[4]

Kjelder endre

  1. Elnæs, Caroline Ugelstad (20. juni 2021), «Hva vet du om norsk transhistorie?», blikk.no (på norsk bokmål), henta 20. april 2022 
  2. «Jan Elisabeth Lindvik (født 1954)», Skeivt arkiv, 9. mars 2020, henta 20. april 2022 
  3. Nyheter, Roger Grosvold-ABC (5. februar 2017), «Jan Elisabeth Lindvik (62) vil skammen til livs», www.abcnyheter.no (på norsk), henta 20. april 2022 
  4. Engesbak, Reidar (7. november 2016), «Transpositiv oppvekstroman», blikk.no (på norsk bokmål), henta 20. april 2022